Botnanger er ein by, hovudsakleg befolka av dvergar, som ligg i eit synkehol under nordaustlege del av Fonnvatnet. Botnanger er det næraste ein kan kome eit «sentrum» under jorda, som dvergane nyttar som handelssentrum og hovudstad.
På dvergane sitt språk heiter det Reserata Bontesta, eller berre Testa.
Det er her all produksjon, distribusjon og kontroll av Lækjedrykk foregår.
Byen er styrt av representantar frå kvart av dei 12 storlauga i byen, drivne av lauga sine adelsfamiliar.