Hjelp, ei stjerne falt! Puh, flaks at det berre var éi. Eller?
Seks sanningar om denne kampanja
- Tidsalder og ikkje-magisk teknologiforståing er, sånn på det jamne, renessansen.
- Magi er ikkje heilt kvardags, men dei fleste kjenner til minst éin person med begrensa evner av eit slag – anten det er dei religiøse sine påkall til gudane, dei sjølvlærte trollmennene, eller kven enn dei med ulike typer tileigna eller medfødde evner henter kreftene sine frå.
- Riket Aden har vore roleg i nokre tiår no, men stjerna som fall ned over Tegefed-fjella har skapt litt uro, sjølv for dei som ikkje veit kva det førte til for Himmeltårnet.
- Det kjem ikkje til å vere den einaste stjerna som fell.
- Frå no av kjem eg til å lage eventyra sjølv, det betyr at eg er veldig open for kva figurane dykkar har i bakhistoria si – her kan de vere med å hjelpe til med å definere folk og fe de har ei fortid med, og ambisjonar for framtida.
- Når eg lagar ting sjølv er mitt brand av halvhøg fantasi litt sånn vagt Terry Pratchett-sk, gjerne litt halvabsurde greier - det er mykje rom for humor, eg gidd ikkje vere 100% seriøs. Når det er sagt, har eg blitt inspirert av Elden Ring i det siste…