Våre heltar såg ein meteor falle over Tegefed-fjella, og byrja gå mot der den falt. Langs vegen møtte dei eit Tankespinn , som hadde drept ein flokk med kvitkledde munkar. Då dei drap tankespinnet fekk dei innplanta ein del av minna til dei avdøde, og fekk vite at dei var på oppdrag for å finne meteoren og meir om den. Dei drog til druiden Derwyth Donkastaeder, over Terno-passet for å slåss med Derro, og til slutt til Himmeltårnet for å møte øvste vismann Sjalfi, som forsøker å stå imot kuppet frå Piyarz Logebu. Dei drap Piyarz, og er på veg til toppen av tårnet for å møte den forskansa profetøren.