Våre tre heltar – dvergepresten Poin, halfling-tjuven Dagger Jones, og barden Halvtann Sivertsen – byrja eventyret sitt med å finne ei stolen vogn til Emil Apalberg. Dette førte dei til eit underjordisk goblinfort under vogna, som dei gjorde kort prosess med før dei fór vestover, og for første gangen såg ein meteor dale ned mot himmelen.

Sjalfi og Himmeltårnet

På jakta etter meteoren møtte dei eit tankespinn som overførte minne frå ein gjeng kvitkledde munkar. Desse munkane var på oppdrag for å finne same meteoritt. Reisa tok dei til druiden Derwyth, og endeleg til Himmeltårnet. Der møtte dei øvste vismann Sjalfi, som kjempa mot eit kupp frå profetøren Piyarz. Etter å ha nedkjempa Piyarz, og frigjort Bob, fekk dei i oppdrag å bytte meteoritten mot profeterte bøker frå Kagu-Svirfneblin-minene i Tegefed-fjella.

Før dei drog nordover, vitja dei hovudstaden Adenburg. Der møtte Halvtann si ambisiøse mor, Anna-Greta Røys Sivertsen, militærrådgivar ved hoffet. Ho ville at sonen skulle ta karrierevalet meir seriøst, noko som førte til konflikt.

Kunnskapsholet Hulet og Drakedreparar

I Adenburg fall ei ny stjerne – denne gongen midt byens bibliotek. Meteoren viste seg å vere Hulet, den kunnige – ei levande bevisstheit av stein som konsumerte all kunnskap i bøkene rundt seg. Bibliotekssjef Orvald og militæret ønskte begge kontrollen over Hulet, noko som skapte politiske intriger.

Ferda til Tegefed-fjella gjekk via Derro-campen og beverbygda. I fjellhola møtte dei kagu-svirfneblinane som dei overleverte dei profeterte bøkene til. Med ein gong handelen var gjort, utløyste ein sjølvutslettelsesfunksjon, og draken Grisdelfawr angreip. Gjennom innovativ bruk av dimensjonsportalar slo dei draken, og blei kjende som Drakedreparane.

Tilbake i Adenburg fekk dei magiske gåver frå Sjalfis sylvkule. Dei etablerte bryggeri og etablissementet Den Raude Drake som front for operasjonar i byen. Etter problem med kranierotter i kloakken, og etter press frå Anna-Greta, utførte dei eit dristig heist og stal Hulet frå biblioteket, som dei til slutt gav i Sjalfi si forvaring.

På veg mot botnen

På oppdrag frå Fru Røys må dei frakte ei tønne med mystisk væske til Botnanger, dverganes hovudstad djupt under jorda – som dei fér til via den gale Hedon sine interdimensjonelle butikkar. Der blei dei involvert i politiske intriger knytt til streik i Minutum-lauget, og møtte den rike politikaren Crumenas Secundum Argentum som sår splid i dvergeriket.

Gjennom ei portal i ein goblinby møtte dei Far, og seinare den guddommelege skikkelsen i gullkrateret (Mor?) som gav dei overnaturlege evner. Tilbake ved Botnanger redda dei så Febersjøen frå overheiting ved å frigjere eldprisen Ignacio frå ei portal til Flammedimensjonen, og blei medlemmer av Eventyrlauget Stipendium.

Tidsfuck og Stjerneskip og tidsfuck

Siste etappe tok dei til ein tidsloop i Kaupi og vidare under bakken, der dei møtte underlige fiskefolk som tilbad ”Store Tanke”, og fekk tilnamn basert på sine imponerande evner. Djupt der nede fann dei både mørke skikkelsar med utrulege evner, og eit stjerneskip som dei peikte mot himmelen.

Idet skipet forlater jordoverflata, ser dei ein enorm komet kome i si retning. Dei rettar snuten mot den fallande stjerna, og kjem til slutt til Ostjane – ein tidsvridande minnebank som bekjemper sine fiendar med deira eigne tankar, og som har eit sterkt ynskje om å forstå desse humanoide skikkelsane som bur på planeten, koste kva det koste vil.

Eventyrarane velgjer til slutt Armageddon-metoden, dels ved å bruke Ostanje si eigne krefter mot seg sjølv, og slår seg inn i kjerna til kometen – den verkar meir som eit frø enn ein stein, ikkje heilt ulik Hulet.

Dei bekjemper frøkjerna si manifestering av fiendar frå heile deira eventyrkarriere, og idet Ostanje går i oppløysing brukar Poin sine magiske krefter for å dra dei alle tilbake til Den Raude Drake, der dei kan slenge beina på bordet, ta ei øl, og vente til det heile går over.

Gjennom heile eventyret har våre heltar vakse frå lågnivå eventyrarar til mektige drakedreparar med guddommelege velsignelser, medan dei navigerer politiske intriger, gamle profetiar, orkepappaer med sex appeal, eit byrjande ølimperium, og mysteriet om dei fallande stjernene.

PS: Eg har gløymd å nemne Dagger sin Kagu, det burde eg gjere.

Figurar

Dagger Jones