Ei hobbit-kvinne med eit konstant fura bryn stirer opp på sine redningsmenn. “Eg har ikkje tenkt å bli bært. Kven av dykk kan helbrede meg?”

Ho klappar den vesle skapningen ved si side, som har returnert til ei slags kisteform, med eit utal små føter rundt – 15-20 små bein som ser umiskjenneleg ut som barneføter. Det er i det heile teke litt rart. Den har ikkje auger, men alle rundt den føler likevel at dei blir sett på i tur og orden. Den går i fanget til Dorina, sirklar rundt nokre gongar og legg seg – beskyttande.

Gjengen healer Dorina og bestemmer seg for å dra tilbake mot tempelet, vegen dei kom. På vegen ser dei to humanoide skikkelsar som roter rundt på vegen langs kloakken og hiver ting dei finner ut i vatnet. Men det er ikkje vatn, det er ein gelatinous cube! Poin Osnes caster Hold Person, men dei er ikkje personar… 😲 Det er nothics!

Ein kamp forestår! Dagger Jones slåst med giftpiler frå skuggane, Halvtann Sivertsen inspirerar og oppglør, Poin blir slukt, men dei klarar til slutt å drepe sine motstandarar. Sjølv Falkon får gjort litt skade, mot slu og unnvikande nothics.

I restane av kuben finner dei ein tortle, som dei begraver. Dei finner også diverse øydelagde våpen, og ein monokkel. Dei legger igjen ein lapp der dei såg dei to andre tortles i kloakken med beskjed om kvar dei fann han og kvar han er gravlagd.

På vegen tilbake til tempelet høyrer dei også lyden av noko stort i kloakkvatnet, men dei finn det ikkje, berre eit vått spyd.

I tempelet får dei skryt av Dorina for å hjelpe ho og mimicen heim, og av Beter Govre får dei belønning. 401 gull og ein medaljong frå tempelet som viser at dei er vener av Dikia. Dagger spør om det finst fleire slike kule mimics.

Gatarina Wedelvoss sjekker spydet, monokkelen og smykket. Berre monokkelen har spor av magi.

På veg tilbake til vertshuset ser dei ein hund stå med stive bein, før nattas lydar brått blir stille. På himmelen, ei eldkule, som brasar ned i ein anna del av byen.

Ei stjerne falt.

Nye NPC-ar