Like ved sidan av våre heltar, slepper ein uteliggar ei flaske med sterk og billeg heimebrent ned i rennesteinen. Han måper etter å ha fulgt synet av eldkula ned mot byen. Han drikker aldri alkohol igjen. Knapt eit minutt etter samanstøytet byrjer byen å summe igjen. Paniske stemmer høyrest, peikande mot røyken som har byrja å breie seg frå sentrum av byen. “Brann!” Det frivillige brannkorpset har nok allereie rykka ut. Det ufrivillige brannkorpset er nok pent nøydd til å følgje på, uansett kva dei vil.

Kva gjer våre heltar no?

Dagger Jones spurtar byvant gjennom dei smalaste smau, direkte mot der dei ser røyken frå landinga. Poin Osnes klarar såvidt å halde følgje, men Halvtann Sivertsen blir distrahert av ein gatemusikant som av ein eller anna grunn har fortsatt å spele sjølv i kaoset, og mister sine vener av syne.

Poin og Dagger følgjer røyken og kaoset heile vegen til Burg Offentlige Bibliotek, og ser at nedslaget er mindre enn forventa. Det ufrivillige brannkorpset er i ferd med å, surmulande, gjere siste.

Dei distraherar vaktene ved å seie at “ANNA GRETA RØYS SIVERTSENS SØNN LIGGER SKADA RETT BORTI GATA”, og kjem seg inn. Der ser dei to halvalvar og ein alv som studerar eit overraskande lite krater. I krateret står ein nesten umogleg sfærisk kule av stein, med jamne fordjupningar (litt som ei golfkule) på 15 fot i diameter.

Med autoritet i stemma ber Dagger dei om å gå på vegner av byens styre. Dei to halvalvane pakkar resolutt saman tinga sine, men alven blir berre ståande og sjå på meteoren – og nektar å gå. Han antek at dei ikkje er dei dei seier at dei er.

Han introduserar seg som Sir Orvald Longbekk, bibliotekssjef, “Professoren, om du vil”, og dei kjem fram til at dei først og fremst er nysgjerrige på denne kula som no står midt i biblioteket, og at dei skal finne utav kommandolinjene litt etter kvart.

Kula lagar ikkje lyd, beveger seg ikkje, og er varm (som ein koseleg omn, ikkje kokvarm) som ein kjenner når ein beveger seg mot den. Poin caster Detect Magic, og ser ein pulserande necromancy-magi kome frå den.

Dagger kastar ball bearings på meteoen, den bremser opp før den treffer, og fell til bakken, momentlaust. Han prøver så å tisse på den, fordi han er Dagger, først litt forsiktig, så fullstendig – medan han tisser på den høyrer han ei stemme i hovudet “Hallo?”.

Dei forsøker meir, og ved hjelp av vatn, pinnar og etter kvart ved å ta på den får dei byrja ein samtale.

“Eg er Hulet. Hulet, den kunnige.”

Orvald sjekker ei bok han har om temaet, og finner at bokstavane i boka har byrja å forsvinne. Han sjekker fleire, og byrjer å få panikk og hiver bøker ut mot utgangen. Bøkene i biblioteket blir sakte men sikkert tommare og tommare.

Etter dette foregår ein lang og frustrerande haptopatisk(?) samtale med ein bevisstheit som sakte men sikkert finner ut kven den er, og kven dei andre er.

“Eg er Hulet, den kunnige.”

“Kva gjer du her?”

“Eg vil kunne. Eg er svolten.”

“Kva gjer du med bøkene?”

“Korleis overlever dere? Er det… næring dere kaller det? Eg må vite meir for å overleve.”

“Kva er målet ditt?”

“Å vite meir.”