Først ei veke downtime:
Våre heltar set så ut mot nord igjen, til Tegefed-fjella for å fullføre oppgåvene dei har fått frå Sjalfi – bytte vekk meteoritten mot dei profeterte bøkene. Det er ein to dagars tur nordover, som går ganske rett fram på dei siviliserte vegane gjennom kongeriket, til dei kjem til vande marker – Derro-campen der dei fann meteoritten er fråflytta, og det innerste kammeret er åstad for ei rekke lik av både slavar og derroar. Dei finn eit magisk sverd, som Halvtann får. Halvtann snakkar med dei døde.
Dei tek med seg kunnskapen til beverbygda, der hovding Berkover seier han saknar eit sverd. Dei gir det til han, og han lovar ei teneste tilbake. Forteljer at dei, via beverane, har kontroll over vasstilførselen til dei to største elvene i Aden. Kan kome godt med.
Dei går vidare og vidare på Sjalfis beskrivingar, opp til ei fjellhylle med overraskande frodig flora. Faunaen viser seg også å vere ganske spennande – når dei kjem over ei ansamling brautande aper, som Halvtann så imponerar med illusjonsmagi. Dei blir leda mot ei hole, og apene stemmer i med «bozorg… bozorg… bozorg…» som Halvtann tolkar til å tyde «Bevegelse».
Inni hola er veggane sirleg pent og uspjåkete utsmykka, og i midten av det første rommet ligg ein konkav dom på fire-fem meter i diameter – som brått byrjer å bevege seg! Våre heltar bekjemper den mekaniske fienden til slutt.