Dagger og Poin kjøper Bag of Holding hos Hedon. Dagger får kjeft for handarbeidet i sin Handy Hoversack.
Dei drikker så tett hos Copernicus og går drukne til sengs. Blir overraska av kraniumrotte utanfor vindauget, som dei springer etter og dreper, og følgjer det den grøne kula ned i kloakken. Dei går ned. Halvtann søv vidare, med nattmaske og øyreproppar.
I kloakken kjemper dei hardt, blant anna mot ei stor krokodille som biter Dagger og dreg han under vatn. Som mot-trekk kastar Dagger eselgranaten inn i kjeften på krokodilla, hvis kjeve eksploderar og den døyr momentant.
Dei møter også eit fælsleg kloakkbeist som går rundt og telepatisk ropar «SVOLTEN!». Den deler ut nokre gode handfullar med deng, men blir til slutt overrumpla, og ber om «HJELP!». Kranierottene strøymer til, og gjer sin merkelege magi (luktar vondt for Poin). Blant anna dominerar dei hjernen hans!
Dei klarar til slutt å bekjempe rottene, og tek til overflata igjen for å fortelje Halvtann kva dei har sett.