Dei tre går til tempelgata, der rotta leia dei. Går ned til by under byen, ein stad som liknar på der dei møtte kranierottene før. Dei får etter kvart kontakt med ei stemme, som identifiserar seg som Quilbobnimh (Bob) . Han viser seg å gøyme seg i eit nærliggande hus – men nei! – det er berre ein illusjon. Som ein åttekanta terning med svevande auger rundt, litt annleis enn slik han såg ut sist dei møtte han.
I si undersøking av byen her nede finn dei to døde skjellett av menn med hendene bundne bak ryggen. Ved hjelp av Speak with Dead får dei vite at dei var eventyrarar, ein herre og hans hjelpar, Yorick og Gyldenstjerne. Yorick har på seg ei kappe, som gjengen tek med seg.
Dei dreg heim og tek kvar sin lange dusj. Kappa blir forært til Gatarina Wedelvoss som skal ta ein kikk på den.
Dei planlegg vidare heistet på Burg Offentlige Bibliotek og Hulet, den kunnige: