Eit tempel tileigna Dikia i Adenburg.

Sjølve tempelet er i tempeldistriktet, som dei fleste andre tilbedingsstadene og kyrkjene i Burg, men fremjer ikkje seg sjølv slik andre tempel kan gjere, med store segl eller flagg. Det er ein kjellarinngang til eit hus der ein i dei fleste tilfelle minst må banke på for å kome inn.

På innsida er eit stort tilhaldsrom, der ei stor grue i midten av rommet både spreier varme og god matlukt til heile rommet, som stort sett er dekt opp med langbord og enkelt tilgjengeleg. “God mat er ein del av eit balansert kosthald,” seier ordtaket. Ikkje som ein del av faktisk forkynning, men som ein lokal viktigheit for dei som er tilknytt tempelet. I tilstøytande rom er sovesalar og lager, og eit eiget tempelrom, men her reknar mange tilhaldsrommet som minst like viktig for “tilbedinga” til Dikia.

Tempelet har rundt eit dusin folk i drift i ulike stillingar, og det er som oftast minst 20 personar innom for å preike skit, halde varmen, kvile, ete mat, eller snakke om trua.

Nokre folk som held hus her: