
Watabou
Hovudstaden i Aden, gjerne kjend som berre Burg, og amtet som utgjer dens omliggande områder. I tillegg til å vere krongods for kongefamilien, er det også ein sentral stad for nasjonens politiske og adelege sfære.
Byen er ein rik handelsstad, og er nok staden ein lettast kan få tak i «det ein vil ha», med mindre «det ein vil ha» er dvergevarer (då dreg ein til Botnanger).
Kong Emrik II, konge over Aden, har sitt hovudsete i slottet som ser ut over havna i byen – det var her fortet som var byens første forsvarsverk stod for rundt 750 år sidan.
Adenburg har eit sinnerikt system av båtmenn, som gjer både vare- og persontransport. Dette er organisert gjennom Båtmannsgildet.
Bebuarar: Rundt 14 000, ikkje inkludert tylar.
Innehar tyle-enklaven Vår bru.

Distrikt
Dette er ikkje harde grenser (kanskje med unntak av Vår Bru og Dvergekvarteret), men generelle vibes for områda deri.
- 🟡 Gul: Kongen og adelskapet
- I slottet bur Kong Emrik II og kongefamilien, og området rundt er åstad for hans slektningar og “slektningar” og anna adel i byen.
- Nord for byen er kongsgården Emrikstad.
- 🔴 Raud: Militærakademiet og noko krigsindustri
- Opplæring og administrasjon for byens og nasjonens militære, noko smedindustri og liknande produksjon, samt stall for øksenebb og andre riderdyr tilknytta kongsgården
- Inn/ut: Nordportane er den tyngst bevokta av inngangane til byen, med tre separate sluser for å kome inn og ut. Det er gjerne gjennom her kongen kjem til byen.
- Mamma
- 🟠 Oransje: Anna rikfolk og øvre middelklasse
- Ved foten av kongsbakken mot slottet ligg Nøvstunåsen, også kjend blant adelen som Nestenåsen. I tillegg til bebuelse, finn ein ein del luksushandel her.
- Juvelar
- 🍏 Lysegrøn: Tempeldistriktet
- Tempel og liknande finn ein i heile byen, litt an på kva gudommelege skikkelsar ein er på jakt etter, men her finn ein dei største og flottaste områda tileigna det geistlege.
- Dikias tempel
- 🟣 Lilla: Heilt vanleg, heilt fullstendig vanleg, berre ver litt forsiktig i smau, og ikkje gå her etter midnatt, om du skjøner kva eg meiner, hehe
- Arbeiderklasse, tett bebyggelse, størst forekomst av fyllikar og gatesmarte born med raske nevar og raskare dolkar.
- Svartebørs
- Båtmannsgildet
- Inn/ut: Ned og opp Longbekk er den lettaste måten å kome uoppdaga (av myndigheitene, i det minste) inn i byen. Men då bør du ha båtmennene sin gunst.
- 🟢 Grøn: Handelsdistriktet
- TILBOD, TILBOD, TILBOD: Her kjøper du det du trenger før det kjøper deg. Stort sett ikkje lyssky aktivitet, især ikkje rundt Eiksplass, den store opne plassen til ære for kongens far.
- Inn/ut: Byporten er det som vaks fram rundt dei som gjorde sine første inntog til byen etter det opphavlege fortet vart satt opp.
- Copernicus og Emsenius:
- 🟩 Mørkegrøn: Dvergedistriktet
- Ei langgate som er nedgravd i ein open underetasje tre etasjar ned med basarar og handel og bebyggelse av ulikt slag. Dører i kvar ende, som eit lite samfunn i samfunnet.
- Inn/ut: Alle med kjennskap til dvergane har høyrd at det finst ein veg til Botnanger herfrå, men ingen har sett den.
- ⚪ Kvit: Universitetet
- Utdannar byråkratar, småkongar og kommunikasjonsrådgjevarar
- Kunnskapssektoren
- 🟥 Raud: Vår bru
- 🔵 Blå: Industri og havna
- Her lukter det garva skinn og du kan knappast gå noko stad utan å høyre dunking, klanking, klinking og blinking av ulikt slag. Ned mot havna er det lossing, rigging, slossing og ligging det går i, med varer og folk som går av og på skipa som ligg ved pirane her.
- Inn/ut: Fiskeporten eller Sloport er den sørlegaste av byens tre offisielle inngangar.