Enklave for Tylane (gnomes) i Adenburg. Då gnomane etter ei hending med kongefamilien blei sparka ut av hovudstaden insisterte dei på at brua som knytta dei to delane av byen saman var eit fritt område, fordi det var over vatn (på same måte som at Båtmannsgildet arbeidde skattefritt, grunna ei gamal avtale.
Ifølgje si eiga historie hadde tylane alltid budd her. Vår Bru. Når sant skal seiast var det den einaste staden dei kunne bu. Kong Emrik II den godes far, Kong Eik Spette, hadde kasta alle tylane ut frå byen etter at ein spøk med rundt fire snes pinnsvin og sju bøtter oljemåling hadde gått direkte ut over ballsalen dagen før prinsesse Yulie skulle bli presentert for dei omliggande rika sine unge og lovande.
Tylane hadde løyst problemet på sin måte. Ikkje ved å forlate byen ved daggry slik dei hadde blitt beden om, men ved å innta hovudstadens einaste bru – Langbrua – og busetje seg der.
«Brua er over vatn», konkluderte Eks Kogis, tylanes fremste innan lovkunne, «og sidan gjeldande praksis er at ein kan transportere folk over vatn utan å betale transportskatt, følgjer det av gjeldande praksis at bylovene ikkje gjeld over vatn».
Namnet «Vår Bru» hadde blitt manifestert ved skilt på kvar side, og etter at Byvaktmeister Brennesøn hadde vore både nøgd med å samle alle tylar på éin stad, samt vore ekstremt var på å krangle lovpraksis med tylar, hadde byvaktmannskapet godteke det – trass kongens samanbitte tenner. Tylane hadde alltid behandla lova som eit gjerdestaur: vanskeleg å hoppe over, men alltids mogleg å gå rundt, og å krangle med ein tyl om ei tolking var som å gjete ål i eit mjølkebasseng.
Elleve generasjonar seinare, som i tylanes spontane og fryktlause liv utgjorde omtrent seksti menneskeår, var Vår Bru ein etablert heimstad for tylar, der både alt ein kunne tenkje seg og ingenting ein hadde bruk for, var å finne. Kong Emrik hadde fulgt sin fars samanbitte tenner, og tolerert tylanes tilstadevære på den to hundre alen lange brua – men for sikkerheits skuld hadde han fått bygd både Kongsbrua og Dronningbrua som alternative måtar å kome seg over Fjona på.
Sjølv om dette eine spennet over Longbekk var den einaste staden tylane kunne gå – med mindre dei tok vassvegen med båt, i eit tett og nært samarbeid med Sjøgåarlauget – betydde ikkje det at menneska ikkje var velkomne på Vår Bru. Marknadane langs kystsida av brua bogna med alt ein måtte ynskje av sunt og usunt. Det var her årets ferske tobakk kom først, det var kun her dei hadde gode epler til langt utpå våren, og om ein ynskte å kjøpe noko som ein helst ville halde unna augene til byvaktmannskapet var det alltids ei moglegheit, om du berre kjende rett tyl.
Tylar er som folk flest, ulike. Frå utsida kunne dei sjå ut som eit stutt folkeferd, olivenfarga i huda, med lange nasar og tynne bein, seks fingrar på kvar hand, og utstikkande auger som kunne sjå i to retningar samtidig.
Onde tunger seier at alle tylar er høflege tjuvraddar, som kan snakke seg forbi ei stengd jarndør (det er her ordet «seksfingra» for kleptoman kjem frå). Når sant skal seiast er desse onde tungene sjeldan særleg uskuldige sjølv, dessutan gløymer dei ofte å stenge døra si om kvelden, så kven skal ein eigentleg tru på?
Om ein vart kjend med tylane, så ein raskt kor forskjellige dei var. Vel var marknadsbodene på brua lågare enn marknadsbodene utanfor, men dei retteleg høge tylane kunne fint passere som ein litt underutvikla korgballspelar i dei tidlege tenåra. Ei eldre tylesoge (rundt fem år gamal) seier også at ein særs høg tyl med ein fetter på skuldrane ein gong klarte å snakke seg inn på eit kongsball ved hjelp av ein lang frakk og ein hatt med øyrelappar.
«Spanderer du ei øl på ein tyl får du ein ven for livet», seier ordtaket. Rett nok lever ikkje tylane særleg lenge, men det er tanken som tél.
«Bla bla bla bla.» tenkte Alea. Ho stod framfor Patri, som nok ein gong gjentok viktigheita av å kome tidsnok til ei avtale. «Tidsnok betyr ikkje på tida,» sa Patri. «Det betyr tids nok, når det er nok av tid til å gjere det som er tenkt til å gjerast.» Alea hadde gjort generaltabben å kome idet døra til Patri sin verkstad opna, og ikkje tidsnok, som eigentleg hadde betydd noko slikt som «når det er to timar igjen av dagen før vi kan gå og ta ein øl».
Vår bru var ikkje ein utriveleg stad å vere, men du ville helst at vinden skulle gå på tvers av brua og ikkje på langs. Ikkje fordi det lukta vondt, men fordi det lukta så mykje. Mykje, med stor M, var i det heile teke eit nøkkelord. Krydder, planter, frukt og grønt, parfymer, varmt stål, kropp og kreasjon – om du stod nedvinds frå brua slo det over deg og gav nasen din ei reise gjennom dei fleste av livets gleder.