I ei nisje i kloakkgangen, pressa opp mot murveggen, står tre skikkelsar – ein bergteken dverg, ein tjuv i lånt kappe, og ein musikar med fryst aksjeportefølje. Men vent, det er ein fjerde skikkelse der også, ein hamskiftar i lånt pels.

“Piiiiip,” høyrer de Falkon utbryte frå veska til Dagger. Ingen av dykk forstår musepråk, og ingen av dykk har casta trolldom som gjer at de forstår det heller, men alle er ganske sikre på at han sa “Åååå, fyyyy faen…”. Poin er i tillegg relativt sikker på at Falkon avslutta med “eg trur eg tissa på meg”.

De høyrer ein FLOOMPH-lyd, og ser Dagger si skulderveske bule utover, før Falkon plutseleg står der med som ein slags intrikat bæresele rundt magen. “Øh, sorry, det skjer av og til når eg senker skuldrene for mykje. Og… eeeeh… beklager, det kan vere eg nettopp øydela rasjonane dykkar.”

”Ah, eg visste det!” bryter Poin ut.

På sin veg gjennom Kloakken finner dei eit lik hengande frå eit hol i taket, det er nakent, skitens og oppblåst frå vatnet, men har eit gullkjede hengande rundt halsen. Halvtann Sivertsen synest han dreg kjensel på mønsteret, men klarar ikkje å plassere det.

Lengre inne finn dei to tortles – Jørn og Leks – som sit og speler terningspel, omringa av skjoldmagi av eit slag.

Gjengen møter Røyrleggarlauget, politistyrken under bakken i Adenburg. Dei blir satt på plass når dei får vite at gjengen har Anna-Greta Røys Sivertsen i ryggen.

I eit mellomstykke i kloakken, der ein eldre og nedsunken del av byen kjem til syne, leser Dagger Jones tjuveteikn på at det er ein trygg stad – likevel viser det seg at det er ein liten sverm med kranierotter der. Med litt trøbbel får dei teke knekken på rottene, men éin stikker av.

I ei nisje finner dei ei såra Dorina bak ein vegg, som viser seg å vere ein temma mimic – mimicen har tydelegvis noko med hennar opphavlege oppdrag å gjere.