Litt session 0-prat først: Dei tre møttest då det blei kamp på Den rabiate grevling i Osnes, etter at Halvtann blei bua ut.
Våre heltar ankjem Adenburg. Dagger ser seg rundt, og ser MANGE tjuveriteikn på veggane rundtomkring, rissa inn. Han kan lese enkelte nabolag som om det var historiebøker. Poin er litt overrumpla over kor stort alt er.
Noko av det første som skjer er at dei treffer Edvin, ein bekjent av Halvtann som seier at det er speling på Den døve grisen i kveld. Dagger er Dagger, og stikk handa i lomma på Edvin, og finn ein nøkkel med romnummer 42.
Dei dreg til Den stolte ponni, som Halvtann meiner vil vere passande (ikkje for fancy, men framleis eit stykke unna dei shady sidene av byen). Verthuseigar Copernicus Fax tek dei imot, og spør kven Poin er sin son. Han blir ikkje heilt tilfredsstilt av svaret. Dei kjøper tre av dei mest fancy romma Copernicus kan tilby (”helst i tredje etasje”).
Copernicus seier dei kan dra til Emsenius i nabobygget for å selgje og kjøpe ulike kvardagsvarer. Ensenius er ein øl- og kaffihipster, som kjøper juvelane dei har. Dagger tek med gjengen til sin gamle ven Reidar, som har eit meir interessant utvalg av varer – medan Poin dreg til tempelet sitt.
I påvente av å spele for eit stort publikum igjen får Halvtann inspirasjon, og byrjer på eit epos om eventyret i Derro-campen.
På veg frå havna seier Dagger FUCK YOU til sine kompisar på Hertuginnen, Halvtann er litt forvirra over tonen gamle vener imellom.
Kvelden kjem, og dei dreg til open-mic-kvelden. Halvtann får plass på scena, og speler fletta av publikum (Performance-checks 24, 14, 24 – og ein ok encore).
Morgonen etter, då dei et frukost, kjem ein sekretær i militæruniform og spør Copernicus etter nokon. Copernicus peiker på Halvtann.
“Anna-Greta Røys Sivertsen, militærrådgivar ved Adenburgs hoff, ynskjer ein audiens frå Halvtann Sivertsen.”
Poin og Halvtann går til skreddaren og kjøper fancy klede. Dagger går til Beth og kjøper fancy fedora.