Gruppa blir invitert inn til Anna-Greta Røys Sivertsen, til hennar kontor ved hoffet, fylt av store, tunge, mørke møblar, sigarskap, bokhyller, kart på veggane og med djupe skinnstolar. Ho vil at Halvtann Sivertsen skal få litt retning i livet, og ikkje berre drive med hobbyen sin, så ho vil han han til ein samtale med karriereveiledaren Anton Borgia.
Halvtann nektar, så han mistar familiekreditten sin. Svarar med å lage den catchy songen «Borgia er eit fittetryne», og sprer den rundtom i byen.
Ved Vår bru møter dei Veni, som tilbyr hjelp i Tylane sitt rike. Ho hjelper Dagger Jones med å skaffe dasspapir med kløpulver. Poin Osnes gir ho ein penge for å finne ut kva Dagger skaffa. Han synest det var verdt å finne ut.
Dei returnerar til Den stolte ponni, og spør Copernicus Fax om tylane. Han svarar at dei ser på loven som ein lyktestolpe – vanskeleg å hoppe over, lett å gå rundt – og at ryktet deira kanskje er verre enn røynda. Iallfall av og til.
Dei dreg til Dikia sitt tempel, og får Lurg sitt belte tilbake frå Gatarina Wedelvoss. Ho vil helst ikkje sjå det igjen, seier at det er ei forbanning over det, og at det kjem insekt frå det om ein tek det på.
Beter Govre ber dei finne Dorina, ein halvling-kurér som skulle hente nokon i kloakken under byen.
Dagger Jones vil ha kart. Han sjekker med Veni (vil ikkje), Beth (vil ikkje), og General Sivertsen (som gir tilgang til byens avdeling for avløp, og etter kvart planetaten), ho får dasspapir tilbake. Beter set dei i kontakt med Falkon, ein urban druide som er tempelets nest mest kjende i kloakken.
Dei dreg til Kloakken. Vandrar rundt ei stund før dei høyrer ein lyd. Falkon endrar seg til ei rotte for å gøyme seg, men Dagger putter han i veska si.
Halvtann set opp ein illusjon av ein mur framfor dei, og dei ser ein sverm på hundrevis av små rotter med lysande hol i topplokket rase forbi.