Våre heltar reiser lengre sørover, via den vesle byen Kaup, der dei treffer ei rar lita tweaker-heks som selgjer blant anna helsedrikk. Og ein eselgranat. Ikkje spør nærare, er du snill.

Lengre sørover møter dei ein bokselgjar, som Poin merkar har noko skjult i vogna si. Det viser seg at ho har fleire tusen bøker i ein slags lommedimensjon i vogna som ho kan sveive opp og ned gjennom. Dei avtalar å møte ho med Orvald Longbekk i Burg Offentlige Bibliotek.

Dei planleggjer å byrje ein business i Adenburg, eit etablissement, ølstove og bryggeri (BREWPUB, BABY!).

Når dei ankjem byen deler dei seg opp, med mål om å skaffe pengar og informasjon. Dagger dreg til Beth, og selgjer drakeskatten. Får 9050 gull (4000 no, resten seinare). Poin dreg til Dikia-tempelet, spør etter Amulet of the Devout, får svar om at det ikkje er gratis, og at dei ikkje gir ut til kven som helst, men med tid og pengar kan det meste gå. Poin vil også gjere om varmerustningen til dvergestørrelse. Ein smed seier det er ukjend materiale for han, men at han kan kome tilbake om nokre dagar, så han får tid til å skjøne materialet til Kaguen.

Halvtann dreg til mor si, viser ho gullsmykket dei fann på liket i Kloakken. Ho seier det er adelsfamilien Banmark sitt, som nyleg mista sonen sin. Ho skal overrekke det til familien. Han spør om ho har tips til eigedom dei kan kjøpe. Ho inviterar alle til middag dagen etterpå. Når ho får vite at dei har drepe ein drake, blir ho imponert, og seier at det kan utløyse ei byforskrift som gjer sigerherren til ein av kongens riddarar.

Dagger dreg vidare til Dvergekvarteret, og møter Alana Kvarts, ho tek imot bozorgsteinen mot ein repeating hand crossbow, tek tre veker.

Poin dreg også dit, identifiserar seg som ein fjern slektning av Copernicus Fax. Ho seier også at ho kan lage noko av drakepanseret og drakeklørne.

Dei dreg på middag til Anna-Greta Røys Sivertsen, og får Halvtann sin favorittrett frå då han var barn. Ho seier at det er éin av dei som kan be om riddertittel frå nasjonen etter at dei drap draken, dei blir samde om at det bør vere Halvtann. Ho tipsar også om ein boligmeklar.

Ved hjelp av ein velplassert command-spell på ein litt ubudd og bakfull meklar får dei ei veldig billeg avtale, og byrjer Sims-spelinga.

Plan:

Andre etasje

1. etasje

Kjeller: