Botnanger, dverganes hovudstad. Nederst i eit synkehol i Fonnvatnet ligger «sentrum» under jorda. Våre heltar stiger ut av Lommer! Lommer! Lommer! og er overraska over mangelen på støy frå den gigantiske fossen, som dei skjøner må vere tystna med magi.
Byen fløymer over av guttural og konsonanthard dvergensk, krydder og krut. Dei skal til Nundinor med den store tønna. Poin merkar at momentet i tønna er feil, den oppførar seg ikkje som forventa.
Dagger går inn på ein dvergepub, Vannhullet, og overhøyrer ein samtale mellom ein halfling og ein gnom om ein golem som blei stansa medan han sprang ut av byen og ropte på fridom. Halflingen fortel ei røvarhistorie om at han slo til golemen, og at den då mista ei steintavle den hadde i munnen.
Golemane er dvergebeskyttarar i byen, ei rekke statuar som skal springe til live om ein dverg er i fare. Dei ser ut som store dvergar, rundt 3 meter høge.
Dei går ut av den internasjonale handlegata, og Dagger leser thievescant knytta til backpacking som “ikkje prut her” og liknande. Dei stoppar ved ein golem. Laga av stein, livaktig men utan steintavle. Auge av rubiner, navneplakett med NEX (beskrive som bysykkelnamn).
Dagger går ned til Hulet for å spørje om Golems. Magiske konstruksjonar laga av at sjelar blir fanga i eit materiale, er det etisk riktig? Krever kraftig magi eller spesialistar. Det produserast ikkje nye golems i Botnanger, men lauget med lapisgrafar vedlikeheld og passar på dei.
I butikken til Nundinor, der dei treff Askolo, hans andre son som seier at dei skal til bakinngangen og snakke med Probo. Får 850pp som betaling, kjerre og hest inkludert, etter at Dagger snakkar Probo rundt veslefingeren.
Poin og Halvtann stikker på En favn søl, og snakkar med pubeigar Bibicus Kvartilus Servisiarius. Poin snakkar om dvergenske vis og øl, Halvtann speler på scena og får gode tilbakemeldingar.
Dagger kjøper Sending Stones.
Dagger ender opp på undergrunnspub og speler hasardspel. Kulestøyt med store terningar. Vinner 25pp. Bonder med ein full dverg, Crumenas Secundus Argentum, som satsar pengar på han og får 100 gull som belønning. Han inviterar alle saman til Den kvite krune.
Crumenas er politikar, rik, og ein mogleg arbeidsgivar. Våre heltar fortel han at dei løyser problem han ikkje kan løyse sjølv. Poin sin magefølelse er at Crumenas neppe brukar si politiske makt for å betre forholda i byen.
Botnanger er styrt av 12 adelsfamiliar. Bystyre med overhovud frå dei 12 familiane. Argentum-familien leier byens myntlaug.
Argentum gir dei ein signetring, som gir dei tilgang til Fortum Nox, familiens hovudsete i byen.