Heltane dreg til Sjalfi, og bytter inn bøkene. Som beløning får dei stikke hendene inn i den magiske kula for å hente ut premiar.

Poin Osnes får Staff of Healing, Halvtann Sivertsen får magisk ranged-våpen (Oathbow), og Dagger Jones får beskjed om at han har fått gåve (Haversack), men at han sjølvsagt kan forsøke. Han stikk inn handa, og kjenner ei rar kjensle. Når han dreg den ut igjen, er heile handa, opp til albogen, sylvfarga (tilsvarande permanent Gloves of Thievery).

Dei får beskjed om å late han vere i fred, og trekker ut til vaktfortet, der Halvtann speler konsert for sine fans. Poin puttar 1x Aura of Vitality, og 2x Bless i spell storing-ringen.

Dagen etter ynskjer dei å dra mot Adenburg igjen, og reiser sørover nok ein gong. På Snovegane, vestom Tegefed-fjella, aner dei fred og ingen fare då dei høyrer ei massiv bjeffing. To ogres, og deira medfølgjande hundeflokk i band, kjem ut av skogholtet. Nokre velplasserte skog og hogg seinare har dei teke knekken på dei fleste av dei – men ein ogre rømde ut i skogen igjen.

Kvelden ender sesjonen her.

Nokre mål framover: